Vårt nettbaserte bestillingssystem reknar automatisk ut prisen og handterar betalingsfreistane. Du kan når som helst sjå bestillingsstadfestinga, detaljane og status på ved å følge linken i e-posten du får ved bestilling.
For å stadfeste bestillinga må gjestane betale 20 % av hyttekostnaden på førehand, seinast 14 dager etter bestillingsførespurnaden. Dette sikrer og stadefestar bestillinga di.
Sørg for at du kan kome på dei aktuelle datoane før du sender inn ein bestillingsførespurnad. Du kan avbestille bestillinga når som helst, men det som er betalt som depositum på førehand vert ikkje refundert. Dei fleste reiseforsikringar dekkjer dette i tilfelle sjukdom.
Dei resterande 80 % av hyttekostnaden, pluss alle ekstrakostnader som reingjering, båtar og sengetøy, må betalast seinest 14 dagar før ankomst. Vi sender deg ei påminning i god tid.
Vi aksepterer både bankoverføring, kreditt/debitkort og Vipps.
Alle tilleggstenester du nyttar deg av under opphaldet (ved, bensin o.l), vert fakturert separat og må betalast før avreise.
Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til Steinsvika og beklager ulempene med forskotsbetaling.
Avbestillingar i siste liten og gjestar som ikkje dukkar opp fører til store ulemper for vår vesle familiebedrift, så vi må forsikre oss om at gjestane faktisk kjem når dei bestiller.
