Den 17 kilometer lange Dalsfjorden er omkrinsa av bratte fjell på tre av sidene. Fjorden er rik på fisk av alle slag, og er om lag 200 meter på det djupaste.
Heilt inst i fjorden ligg Steinsvika og Steinsvik Fjordhytter.
Tilkomst hit skjer enten via bilveg frå Nordfjordeid, eller ferje frå Volda til Folkestad.
Like ved Steinsvika ligg nabogrendene Åmelfot og Vassbakkane. Langs begge sider av fjorden ligg små bygder som perler på ei snor, heilt til ein kjem til ferjekaiene i kvar sin ende. Der finn ein også daglegvarebutikkar og drivstoff: Lauvstad på vestsida (20 km), og på Folkestad på austsida (22 km).
Næraste handelssentrum med restaurantar, butikkar og offentlege tenester ligg i Volda, eit kvarters ferjetur frå Folkestad. Ein kan også køyre ferjefritt frå Steinsvik til Nordfjordeid (ca 50 minutt).
Indre Dalsfjord er ein roleg plass der nokre titals fastbuande bur året rundt. Om sommaren kjem mange på besøk som turistar eller for å besøke barndomsheimane sine.
Gardene i Steinsvika har skriftlege røter tilbake til 1596, men bygda vart etablert lenge før den tid. Framleis vert markane slått og dei fleste husa har lys i vindauga. Ta deg gjerne ein spasertur gjennom bygda
