HAMNA er den nyaste hytta i Steinsvik Fjordhytter.
Plassert heilt i sjøkanten, kan du bokstaveleg tala fiske middagen rett frå den romslege terrassen.
Her kan du også nyte solrike dagar med utsikt til fjord og fjell.
På mindre varme dagar passar det kanskje betre å kople av med ei god bok framfor vedovnen i stova.
HAMNA er utstyrt med alt du treng:
Kaffetraktar (Moccamaster)
Kapselmaskin (Dolce Gusto)
Vasskokar
Brødristar
Mikrobølgeovn
Kjøleskap m/frysar
Djupfrysar
Grill

Hytta har to separate soverom i første etasje og ein hems over stova med ytterlegare to soveplassar. Denne passar best til eldre born/ungdomar. Elles er det gang, bad, stove og kjøken i første etasje.
HAMNA vart bygd i 2005 og er om lag 70 kvadratmeter stor.
Rett ved sida av hytta ligg Steinsvik Fjordhytter si private hamn med flytebrygge og eit lite hus til sløying av dagens fangst. Marinaen er til felles bruk for dei to hyttene våre.
Hytta vert berre leigd ut på vekesbasis i høgsesongen, med ankomst og avreise laurdag. Utanom høgsesong kan ein også leige på døgnbasis.
Bedriftskundar er velkomne. Alle prisar er inkl. mva. Vi kan fakturere med EHF. Ta kontakt for tilbod.
Steinsvik Fjordhytter har fem 17 fots båtar med 40 hk påhengsmotor og ekkolodd som kan leigast per veke eller per dag, med atterhald om at det er ledige båtar. På grunn av fare for sjø-is, er båtane på land frå november til april.


Dei fleste gjestane tek med sengetrekk (laken, dynetrekk, putetrekk og handkle) sjølv, men dette kan leigast av oss.
Innsjekk er kl 15 og utsjekk er kl 11, men vi kan vere fleksible på dette etter avtale på førehand.
Har du spørsmål om hytta eller området? Ring oss gjerne på telefon 90074785.
Steinsvik er eit godt utgangspunkt for turar i Dalsfjorden og på Sunnmøre. Vi har laga ei oversikt over kva du kan nå i nærområdet til fots eller med bil. |
Det går an å leige båt under opphaldet hos Steinsvik Fjordhytter. Vi har fem båtar til disposisjon, alle med 40 hk påhengsmotorar og ekkolodd. På grunn av fare for dårleg vêr og is på sjøen, er båtane på land frå november til april. |
Prisar 2026 & 2027
Juni-august: €900 per veke.
Tilleggstenester
I kalenderen under kan du sjå kva tid hytta er ledig.
For å sende ein reservasjonsførespurnad, kan du markere ønska periode i kalenderen og fylle ut skjemaet som dukkar opp.
Ta gjerne kontakt for tilbod: Tlf 900 74 785