Neset

NESET​ er ei hytte som er perfekt for ferie med familien eller fisketur med vennegjengen.

Her er god plass til å slappe av i ferien, om det så er innandørs i den velutstyrte hytta, utandørs på terrassen, eller i utestova med peis og varmelampar.

Frå den vedfyrte badestampen kan ein nyte utsikta mot fjord og fjell, uansett temperatur og årstid.

NESET er fullt utstyrt med alt du treng:

  • Komfyr

  • Mikrobølgeovn

  • Kaffetraktar (Moccamaster)​

  • Kapselmaskin (Dolce Gusto)

  • ​Brødristar

  • Vasskokar​​

  • Kjøleskap m/frysar

  • Djupfrysar

  • ​Kolgrill + el-grill

  • Badstove

  • Boblebad

  • ​Badestamp (vedfyrt)​

  • Oppvaskmaskin​​

  • TV med norske kanalar

  • Chromecast

  • Bluetooth-høgtalar

  • Super Nintendo

  • Wi-Fi​​​

NESET har plass til maksimalt åtte personar i fire soverom: to i første etasje og to i andre etasje. Totalt er det to rom med dobbeltsenger, eitt rom med 2 enkeltsenger og eitt stort soverom med 4 single senger. Ein kan flytte nokre av sengene om ein vil.

Byggeår: 1996. Areal: 160 kvm.

Nedanfor hytta ligg Steinsvik Fjordhytter si private hamn med flytebrygge og eit lite hus til sløying av dagens fangst. Marinaen er til felles bruk for dei to hyttene våre.

Bilde

Hytta vert berre leigd ut på vekesbasis i høgsesongen, med ankomst og avreise laurdag. Utanom høgsesong kan ein også leige på døgnbasis.

Bedriftskundar er velkomne. Alle prisar er inkl. mva. Vi kan fakturere med EHF. Ta kontakt for tilbod.

Steinsvik Fjordhytter har fem 17 fots båtar med 40 hk påhengsmotor og ekkolodd som kan leigast per veke eller per dag, med atterhald om at det er ledige båtar. På grunn av fare for sjø-is, er båtane på land frå november til april.

Det er mogleg å leige båtar til fiske på fjorden når du bur hos oss. Vi har fem 17 fots båtar med 40 hk påhengsmotorar og ekkolodd.

Klikk her for meir informasjon om båtane våre

Steinsvik er eit godt utgangspunkt for turar i fjorden og i regionen. Vi har samla eit utval attraksjonar og turmål som du kan nå til fots eller med bil.

Klikk her for å lese meir om kva som finst i nærleiken

Prisar 2026-2027

  • ​Juni-august:  €900 per veke.

  • September-mai:  €800 per veke.

  • ​Straum: €0,2/kWh.

  • Døgnleige:  €150 inkludert straum.

  • Obligatorisk sluttreingjering:  €120.​

 

Tilleggstenester

  • Leige av båt:  €350 per veke eller €100 per dag.
  • Sengetøy+handkle: €15 per sett.
  • Fyringsved (80 liter):  €10 per sekk.​​

 

 

I kalenderen under kan du sjå kva tid hytta er ledig.
​For å sende ein reservasjonsførespurnad, kan du markere ønska periode i kalenderen og fylle ut skjemaet som dukkar opp.

Ta gjerne kontakt for tilbod: Tlf 900 74 785