Steinsvik Fjordhytter
  • Hamna
  • Neset
  • Boote
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Kontaktiere uns
  • Hamna
  • Neset
  • Boats
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Contact
  • Hamna
  • Neset
  • Båtar
  • Dalsfjord
  • Informasjon
  • Direkte
  • Kontakt

Båtar til leige

​Steinsvik Fjordhytter har fem båtar til leige for korte eller lange periodar.

Gjestane på våre hytter leiger vanlegvis båtar på vekesbasis. Desse vert reservert fleire år i forvegen, men vi har av og til ledige båtar til drop-in-gjestar. Ta kontakt med oss dersom du vil leige ein båt når du er i Steinsvika.

Fire av båtane våre er av typen Øien 530F. Dette er solide og stabile båtar som er svært populære til fisking i norske fjordar. I tillegg har vi ein litt mindre Sandström 510 Classic.

​Alle båtane har 40 hk påhengsmotorar og ekkolodd
Bilde

Prisen for å leige ein båt er €100 per døgn for leige i 1-3 dagar, eller € 300 for ei heil veke (€350 frå 2026). I tillegg kjem bensin.
Båtane vert levert med full tank, så betalar du for det du har brukt når du er ferdig. Vi kan også selge ekstra bensin i 20-liters kanner til marknadspris.

Steinsvik Fjordhytter har ein privat marina med eit lite fiskehus for sløying av dagens fangst. Der finst også vatn og straum.

Krav for å leige båt er at skipperen minimum har båtførarprøve eller er fødd før 1980. Ein må også bruke flyte-/redningsvest når ein er ute på fjorden. Dette har vi tilgjengeleg i fiskehuset om ein ikkje har med eige utstyr.

På grunn av fare for is på fjorden, er alle båtane i opplag på land frå november til april.

​Vil du leige båt, ta kontakt!
​

Du kan også legge til båtar i booking-skjemaet når du bestiller hytte frå nettsida. 

STEINSVIK.COM


Steinsvik Fjordhytter ​© 1994-2025
Meir enn ​30 års erfaring med hytteutleige i Dalsfjorden
STEINSVIK.COM • DALSFJORD.ORG • VOLDA.ORG • VOLDA.NET
Org.nr. 917 871 388 MVA

Bilde
Bilde
  • Hamna
  • Neset
  • Boote
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Kontaktiere uns
  • Hamna
  • Neset
  • Boats
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Contact
  • Hamna
  • Neset
  • Båtar
  • Dalsfjord
  • Informasjon
  • Direkte
  • Kontakt