Steinsvik Fjordhytter
  • Hamna
  • Neset
  • Boote
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Kontaktiere uns
  • Hamna
  • Neset
  • Boats
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Contact
  • Hamna
  • Neset
  • Båtar
  • Dalsfjord
  • Informasjon
  • Direkte
  • Kontakt

Hamna


HAMNA er den nyaste hytta i Steinsvik Fjordhytter.

​Plassert heilt i sjøkanten, kan du bokstaveleg tala fiske middagen rett frå den romslege terrassen.
Her kan du også nyte solrike dagar med utsikt til fjord og fjell.
På mindre varme dagar passar det kanskje betre å kople av med ei god bok framfor vedovnen i stova

​HAMNA er fullt utstyrt med alt du treng:
  • TV med norske kanalar
  • Chromecast
  • Super Nintendo
  • Bluetooth-høgtalar
  • 300 Mbit Wi-Fi​
  • Komfyr
  • Oppvaskmaskin​​
  • Vaskemaskin
  • Kaffetraktar (Moccamaster)
  • Kapselmaskin (Dolce Gusto)​​
  • Vasskokar
  • Brødristar
  • Mikrobølgeovn​
  • Kjøleskap m/frysar
  • Djupfrysar
  • Grill​

Hytta har to separate soverom i første etasje og ein hems over stova med ytterlegare to soveplassar. Denne passar best til eldre born/ungdomar. Elles er det gang, bad, stove og kjøken i første etasje.

HAMNA vart bygd i 2005 og er om lag 70 kvadratmeter stor.


​Rett ved sida av hytta ligg Steinsvik Fjordhytter si private hamn med flytebrygge og eit lite hus til sløying av dagens fangst. Marinaen er til felles bruk for dei to hyttene våre
Hytta vert berre leigd ut på vekesbasis i høgsesongen, med ankomst og avreise laurdag. Utanom høgsesong kan ein også leige på døgnbasis.

Bedriftskundar er velkomne. Alle prisar er inkl. mva. Vi kan fakturere med EHF. Ta kontakt for tilbod.

Steinsvik Fjordhytter har fem 17 fots båtar med 40 hk påhengsmotor og ekkolodd som kan leigast per veke eller per dag, med atterhald om at det er ledige båtar. På grunn av fare for sjø-is, er båtane på land frå november til april.
​

Her finn du meir informasjon om båtane.
Bilde
Bilde
Dei fleste gjestane tek med sengetrekk (laken, dynetrekk, putetrekk og handkle) sjølv, men dette kan leigast av oss.

Innsjekk er kl 15 og utsjekk er kl 11, men vi kan vere fleksible på dette etter avtale på førehand.

​
Har du spørsmål om hytta eller området? Ring oss gjerne på telefon 90074785.
I kalenderen under kan du sjå kva tid hytta er ledig.
​For å sende ein reservasjonsførespurnad, kan du markere ønska periode i kalenderen og fylle ut skjemaet som dukkar opp.

Ta gjerne kontakt for tilbod: Tlf 900 74 785

​​Prisar 2025
​
  • ​Juni-august:  €850 per veke.
  • September-mai:  €750 per veke.
  • ​Straum:  €0,1-/kWh.
  • Døgnleige:  €130 inkludert straum.
  • Obligatorisk sluttreingjering:  €70.
​
Tilleggstenester
​
  • Leige av båt:  €300 per veke eller €100 per dag.
  • Sengetøy+handkle: €15 per sett.
  • Fyringsved (80 liter):  €10 per sekk.​
​Prisar 2026-2027
​
  • ​Juni-august:  €900 per veke.
  • September-mai:  €800 per veke.
  • ​Straum: €0,2/kWh.
  • Døgnleige:  €130 inkludert straum.
  • Obligatorisk sluttreingjering:  €70.​
​
Tilleggstenester
​
  • Leige av båt:  €350 per veke eller €100 per dag.
  • Sengetøy+handkle: €15 per sett.
  • Fyringsved (80 liter):  €10 per sekk.​​

STEINSVIK.COM


Steinsvik Fjordhytter ​© 1994-2025
Meir enn ​30 års erfaring med hytteutleige i Dalsfjorden
STEINSVIK.COM • DALSFJORD.ORG • VOLDA.ORG • VOLDA.NET
Org.nr. 917 871 388 MVA

Bilde
Bilde
  • Hamna
  • Neset
  • Boote
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Kontaktiere uns
  • Hamna
  • Neset
  • Boats
  • Dalsfjord
  • Information
  • Webcam
  • Contact
  • Hamna
  • Neset
  • Båtar
  • Dalsfjord
  • Informasjon
  • Direkte
  • Kontakt